søndag 27. januar 2013

Paraply Komposisjon


Her kommer nokon bilder som skal handle om komposisjon.
Bildene skulle innehalde kontrast, bevegelse, rytme, interessepunkt og balanse.



Paraplyen sitter her i det gylne snitt. Den får lyset frå sola på seg, i motsetning til buskane framfor, noko som gjer at paraplyen kjem godt fram, trass i den nokså mørke fargen. Det er interessepunktet, etter min meining. Platene framme i bildet dannar ein pil nedover under paraplyen, og eg synest det skapte bevegelse i bildet. Buskene skaper rytmen, ved å gjengi seg sjølv fleire plassar. Det har lys- mørk, stor- liten og organisk- mekanisk kontraster. 



Her klarte eg å bomme på horisonten når eg i all hast skulle knipse mens paraplyen endå var i lufta. I grunnen synest eg det var noko inntresangt med dette bildet, og eg fant virkelig potensiale i det når eg kjøte litt ekstra kontrast på det. 




Sånn her blei det. Veldig mørkt, men likte svært godt sola og den blåe himmelen som blei kontrasten til alt det svarte. Paraplyen i sin ”fart” laga ein fin bevegelse i bildet, og balanse til den ellers flate himmelen.

                                     
Og siden kameraet mitt ikkje hadde meir batteri blei det med dei bildene.