torsdag 21. mars 2013

Mikromennesker

Hei! I dag har me drevet og lagt mikromennekser i photoshop. dette var kjempe kjekt, og virkelig noko eg kommer til å gjere fleire gongar! Eg skal skrive litt om korleis ein gjer det. 

Ok, så det første du gjer er å ta minst to bilder, ein av bakgrunnen, her under ei kran, og eit av personen som skal bli liten. Du legger så inn bakgrunnen og personbildet inn i photoshop, då i to vindu. På bildet av personen bruker du Quick Selection Tool til å klippe ut personen frå bakgrunnen på det bildet. Når du er fornøyd, og har fått med deg alt kan du smoothe ut kantene med funksjonen Refine Mask. Deretter kopierer du ut personen og limer den inn i bakgrunnbildet. Så, for å endre størrelse på personen trykker du på Free Transform. Du kan speilvende, dra og sjølvsagt minske. Det er det eg har gjort. 
Ofte brukte eg visken (Eraser) til å tilpasse hendene og beina rundt f.eks kranen. Du kan også endre på fargene på personene slik at det blir meir likt bakgrunnen.